top of page
04612CA9-621B-40E8-BE29-9B324C200CE2_1_201_a.jpeg

KVA ER MUSIKALVEKA?

 

Musikalveka er ein sommarskule i musikal - sang, dans og teater i skjønn forening. Me starta opp i 2021.

 

Under Musikalveka jobbar me intenstivt i 7 dagar på å setje opp ei stor forestilling som me viser fram den siste dagen. Her blir det rigga fullt opp med profesjonell lyd og lys, og me brukar kostymer, rekvisittar og teatersminke. Akkurat som i ein ordentleg musikal!

​

Deltakarane blir delt inn i aldersbestemte grupper som har eigne nummer. I tillegg har me to store fellesnummer der alle aktørane er på scena samtidig. Dei som vel hovudfokus på sang får utanom dette eit nummer der dei får fordjupe seg litt ekstra i sang, medan dei som vel hovudfokus på dans får ekstra dans.

​
Ver førebudd på ei intensiv, men kjempeartig veke!

Pris kr. 900,- (T-skjorte inkludert)

bottom of page