INSTRUKTØRAR

Prosjektleiar & kunstnarisk ansvarleg
VIBEKE VIGDAL ØREN
Vibeke er initiativtakaren bak Musikalveka.
I tillegg til å vere instruktør er ho også prosjektleiar og kunstnarisk ansvarleg.
Vibeke er utdanna musikalartist ved Institute for Contemporary Theatre Brighton, og er i tillegg utdanna fysioterapeut. Ho arbeider i det daglege i Fyllingsdalen Teater, noko ho kombinerer med jobben som personleg trenar og gruppetreningsinstruktør hos Aktiv365 Paradis.
Vibeke har levd og ånda for show og musikk heile livet, og det kjekkaste ho veit er å dele gleden og kunnskapen sin med nye musikalspirer!

Instruktør
ELINE JACOBSEN LILLESTØL
Eline begynte som instruktør hos Musikalveka i 2022, men det er langt ifra den fyrste erfaringa ho har med å setje opp show.
Eline er utdanna ved Institute for Contemporary Theatre Brighton, og kun nokre månader etter uteksaminering gjekk ho rett i jobb i ein produksjon hos Opera Nordfjord.
I 2022 sette ho opp sin eigen musikal på Nordfjordeid der ho hadde 80 aktørar i sving på scena. No er ho glad for å dele erfaringa si med deltakarane på Musikalveka.

Instruktør
AMELINE TANGEN SØRGEN
Ameline er utdanna innan Musikkteater ved Bårdar Akademiet, og tar no ein MSc i Creative Arts and Mental Health ved Queen Mary University i London.
Ameline begynte som instruktør hos Musikalveka i 2023, og ho gledar seg veldig til å tre inn i si fyrste instruerande rolle etter utdanning!
Ameline er del av teaterkompaniet HellSprell, arbeider som frilansande skodespelar og brenn for psykisk helse og dets møte med kulturlivet.